Laster kart ....
Adresse
Hesthagen i Garmo
Lom
Ein viktig gard i Ottadalen på 1800-talet. Knut Hamsun kom att til Garmo for å bli konfirmert, og da budde han hos Gudfaren sin, Torstein Hesthagen, som hadde landhandleri. Knut arbeidde som butikk-gut dei dagane han ikkje måtte gå den lange vegen til Lom for å delta på konfirmasjonsførebuingane. I Hesthagen budde i lang tid den einaste legen i heile Ottadalen. Hesthagen ligg 600 meter aust for Hamsunstugu.