Stein Magne Eggen er trekkspelar frå Lom, fødd i 1984. Kjem frå familie med musikktradisjon og har spelt trekkspel sidan 6-års alderen. Læremeistrane og spelkjeldene var faren, Hallstein Eggen og Magnar Slettede. Sistnevnte var lærer på trekkspel i kulturskulen i Lom. Etter avslutta vidaregående skule byrja Stein Magne sin musikkutdanning. Fyrst gjekk han eitt år på Toneheim folkehøgskule på Hamar. Der hadde han Jon Faukstad som lærar på trekkspell. Etter Toneheim gjekk han 5 år på Norges musikkhøgskole i Oslo. Her studerte han utøvende folkemusikk med Jon Faukstad som hovudinstrumentlærar på trekkspell og Tom Willy Rustad som lærar på biinstrument, durspel. I løpet av desse 5 åra ved Norges musikkhøgskole studerte han også PPU og administrasjon og ledelse. Til dagleg arbeider Stein Magne som musikkpedagog i grunnskulen i Røyken kommune og som trekkspellpedagog og i administrasjon i Nannestad kulturskole.