Mariann Villa har vore tilsett ved Bygdeforskning sidan 1990 og har arbeidd med problemstillingar rundt flytting til bygda, og korleis bygda er framstilt og opplevd i ulike livsfasar generelt, og blant ungdom spesielt. Mykje av dette er samla i doktoravhandlinga «Bygda som bustad» (sosiologi, NTNU). I dag arbeider ho i hovudsak med to prosjekt: om bygdeimage og bygder som «marknadsfører» seg, og lokalt kulturliv i endring – derder imagebygging og festival er stikkord.