Maria Parr

Barnebokforfattar Maria Parr (fødd 1981) frå Fiskå i Vanylven i Møre og Romsdal er ei av våre fremste barnebokforfattarar. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, boka vart nominert til Brageprisen, vann Nynorsk barnelitteraturpris og vart grunnlaget for TV-serie med same tittel. Den andre boka, Tonje Glimmerdal, kom i 2009 og vann Brageprisen i kategorien barne- og ungdomsbøker og fleire andre prisar. Den tredje boka, Keeperen og havet, kom i fjor, den er eit framhald av Vaffelhjarte. Boka vann Bragepris og Nynorsk barnelitteraturpris