Magnhild Folkvord er fødd i 1945 og utdanna adjunkt. Ho har sidan 1999 arbeidd som journalist i Klassekampen. I 2008 gav ho ut boka Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma? i samarbeid med Ebba Wergeland. I år har ho kome med boka Fredrikke Marie Qvam om ein av strategane i kampen for kvinneleg stemmerett. Under Diktardagar deltek ho på seminaret med føredraget Fredrikke Marie Qvam – Kampen for det norske og stemmerett for kvinner. Rita Mundal 18.07.13