Fabulerande realist blir han karakterisert som på heimesida til Gyldedal. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Kjartan Fløgstad studerte litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har arbeidd som fabrikkarbeidar på smelteverket i Sauda og som smørar på lasteskip i utanriksfart. Særleg reisene til Latin-Amerika og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad har skrive over 20 romanar, mange essaysamlingara, dikt, skodespel og biografiar. Han har fått svært mange litteraturprisar; Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållagspris, Brageprisen og Gyldedalsprisen. I 2008 fekk han Brages hederpris. Kjartan Fløgstad er fødd i Sauda og bur i dag i Oslo.