Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Einar Gotehus skriv i samandraget i si hovudoppgåve om Aslaug Høydal: «All diktinga hennar munnar ut i eit forsvar for dei veike og verjelause». Dette er kjernen i livsverket hennar. Alt ber i seg målet at det gode i menneska må få rå i samfunnet. I 2016 ville Aslaug Høydal fylt 100 år.
Den litterære produksjonen hennar er svært omfattande, meir enn 50 bøker i løpet av ein femtiårsperiode. Forfattarskapen omfattar romanar, barnebøker, noveller, diktsamlingar, folkelivsskildringar og biografiar.
Medkjensle for dei svake i samfunnet pregar mange av bøkene til Aslaug. Ho har alltid hatt omtanke for dei små. Barna. Taparane. Dei nedtrykte. Ho var oppteken av fredsarbeid, fråhaldsarbeid, ungdomsarbeide, nei til EU og for palestinarane si sak i Midt-Austen.
Eg føler at eg har så mykje ugjort. Det er så mange ungdomar som ikkje finn meining med livet. Taparar blir det stadig fleire av. Fleire enn nokon gong. Hadde vi enda vist meir medkjensle for dei….
Aslaug Høydal