Bokbad

Dato: 01.09.2018
Tid: 21:00 - 22:30
[su_button url=»https://ebillett.no/utgardflerbrukshus/449″ target=»blank» background=»#5b8f9e» size=»5″ radius=»5″]Kjøp billett[/su_button]

Bokbad med forfattarane Maria Parr, Brynjulf Jung Tjønn og Cecilie Enger.

Barnebokforfattar Maria Parr (fødd 1981) frå Fiskå i Vanylven i Møre og Romsdal er ei av våre fremste barnebokforfattarar. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, boka vart nominert til Brageprisen, vann Nynorsk barnelitteraturpris og vart grunnlaget for TV-serie med same tittel. Den andre boka, Tonje Glimmerdal, kom i 2009 og vann Brageprisen i kategorien barne- og ungdomsbøker og fleire andre prisar. Den tredje boka, Keeperen og havet, kom i fjor, den er eit framhald av Vaffelhjarte. Boka vann Bragepris og Nynorsk barnelitteraturpris.

Brynjulf Jung Tjønn (fødd 1980) frå Feios i Sogn og Fjordane, debuterte med romanen Eg kom for å elske i 2002. Han har gjeve ut fleire romanar for vaksne og for barn/ungdom, mellom anna ungdomsromanen Så vakker du er, som vart tildelt Brageprisen i 2013. I 2017 kom romanen Alt det lyse og alt det mørke. Forlaget skriv om boka:

Gravide Hildegunn oppsøker mor si, Vibeke, for første gong på mange år. Slik blir vi kasta inn i forteljinga om Vibeke og oppveksten hennar i ei vestlandsbygd. Gradvis nærmar vi oss ei dramatisk hending som pregar dei begge. Alt det lyse og alt det mørke handlar om å forstå og leve med fortida — formidla i eit vakkert og sanseleg språk.

Cecilie Enger (f. 1963) debuterte i 1994 med romanen Nødvendigheten, og har sidan gjeve ut ei rekkje romanar, mellom anna Mors gaver i 2013, ei bok som vart eit gjennombrot, og som ho fekk Bokhandlarprisen for. I 2017 gav ho ut romanen Pust for meg.

Dette skriv forlaget om boka:

Anestesilegen Carla Ruud kjører fra Oslo til hjembygda for å besøke moren sin på pleiehjem. Med seg i bilen har hun den unge kvinnen Synne, som skal samme vei. I en isete sving mister Carla kontroll over bilen og de havner utfor en skrent. Carla opplever det store marerittet: Til tross for all sin erfaring gjennom et liv som akuttmedisiner, makter hun ikke å redde Synne.

Cecilie Enger skriver fram en kompleks kvinne, en anerkjent lege og mor til voksne barn, som stiller spørsmålet: Kan man tilgi seg selv for den smerten man påfører andre?
Pust for meg er en roman om tre generasjoner kvinner, om sårbarheten ved å være avhengig av sine nærmeste og om å miste kontrollen over sitt eget liv. Man kan holde ut smerte så lenge den har et formål, men hva når den ikke har det? Og den dagen man ikke lenger føler seg behøvd, hvem er man da?

Bademeister Magnhild Bruheim

 

 

Laster kart ....