Aina Basso dro i gang Diktardagar 2017 på Vågå ungdomsskule i dag. Ho presenterte årets tema «Markens grøde» og forfattaren Knut Hamsun på ein kunnskapsrik og inspirerande måte. I morgon får elevane på ungdomsskulane i Lom og Skjåk besøk av forfattaren.
I ettermiddag kl. 18.00 opnar Wilhelm Bjertnes måleriutstillinga «Livsveven – lengt og lagnad», ei utstilling som er knytt til Knut Hamsun og «Markens grøde», Tor Jonsson, Vera Henriksen og Hans W. Brimi. Utstillinga er eit samarbeid mellom kunstnaren og Diktardagar, og i ettermiddag fortel Wilhelm meir om bilda og korleis utstillinga kom til. Utstillinga blir ståande i Utgard til 10. september.
Og på Skjåk folkebibliotek blir det stumfilm kl. 19.30, «Markens grøde» frå 1921. Sundag blir filmen sendt i Vågå
Vel møtt!