Jens M. Johansson er født i Stockholm i 1971, men vaks opp i Oslo. I Klassekampen og i Dagens Næringslivs lørdagsmagasin har han jobba som gravejournalist, musikkritikar og humorist og er kjend for dei fine portretta sine. Hfor arbeidet som journalist har han motteke ei rad prisar som Arne Hestenes’ journalistpris (2000) og Den store journalistprisen (2005).
Johansson debuterte i 2002 med novellesamlinga «Bisettelsen har funnet sted». To år seinare kom han med den rare, vakre og ambisiøse romanen «Trøst». Romanen ga Johansson Tidenprisen og ble kalla ekstraordinær, fantastisk og feministisk da han kom ut i Sverige. «En liten bok om lengsel» (2007) fekk rosande omtale frå landets litteraturkritikarar, og med den kritikarroste «Den andre» etablerte Johansson seg som ein av dei mest elegante og viktige forfattarar i den norske samtida. Bøkene han er mest kjend for er likevel dei to siste utgjevingane «Bryllup og begravelser» (2013) og boka som kom i fjor, «Et godt liv», som var ei av fjorårets mest omtalte og hylla bøker.
Under Diktardagar deltek Jens M. Johansson med opplesing og samtale med Rita Mundal på Bakeriet i Lom laurdag kl. 12.00-12.30. Han blir også å treffe på Lom folkebibliotek på Nasjonal bibliotekdag fredag kl. 13.00 der han deltek på litterær lunsj med bibliotekarane.