Lønning (1967) er frå Stord i Hordaland. Han er sosialantropolog med spesiell interesse for menneskeleg nyskaping. Han har utvikla kulturøkonomi som fagfelt og utviklingsstrategi i Norge, er opphav til omgrepa kulturelle landskap og innlevingsøkonomi.
Lønning har skrive ei rekkje artiklar og bøker om utviklinga i Midt-Austen, kulturøkonomi, kulturarv, nyskaping og bygdeutvikling. Han er rektor og professor i nyskaping og bygdeutvikling ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren.