Tor Jonsson orkester

Til Tor Jonssonjubileet 2016 har Hildegunn Hovde og komponert ny musikk til mange Tor Jonsson dikt. Saman med eit knippe, flinke musikarar har dei laga CD-en Einseto.

Hildegunn Hovde som er frå Vågå, er frilans sopran og komponist. Ho har studert musikk både i Norge og i utlandet. Aslak Brimi frå Garmo i Lom, har òg studert musikk i Oslo. Han er musikklærar og spelar mest slåttemusikk frå Lom. I tillegg skriv han musikk og syng. Tidlegare har desse to laga CD-en Rimrose. Saman med Jotunheimen Underholdning, laga dei for nokre år sidan kabareen Diktarplager som òg resulterte i ein CD med same namn.

Når dei framfører Tor Jonsson i skjemt og alvor, har dei med seg Stein Magne Eggen og Even Luseter.