Kirsten Bråten Berg

Kirsten Bråten Berg er fødd i Arendal 7. januar 1950. Ho er folkemusikar, visesongar og sylvsmed busett i Rysstad i Setesdal. Ho er blant dei mest kjende og framståande kvedarane i Norge og har nådd eit stort publikum gjennom samarbeid med musikarar frå andre musikktradisjonar. Ho har gjeve ut fleire plater både som soloartist og saman med andre. For soloplata Min Kvedarlund (1988) og den fyrste Slinkombas-plata som ho ga ut i 1979 saman med folkemusikarane Hallvard T. Bjørgum, Tellef Kvitne, Gunnar Stubseid og Hildur Øygarden, fekk ho Spellemannsprisen. Under Diktardagar deltek ho på seminaret og festkvelden saman med musikarane Lars Bremnes og Geir Buljo.