Knut Kjøk

Knut Kjøk er felespilar frå Lom. Kjøkfamilien har fleire aktive folkemusikkutøvarar, og saman ga dei ut albumet Familien Kjøk i 1979. Knut Kjøk har vore sentral i folkemusikkmiljøet i bygda, ikkje minst gjennom Lom spelemannslag. Som gammaldansmusikar har han vore medlem av gruppa Belg og Streng. Elles har han spelt mykje med musikarane Ann-Catrin Tessnes, Reidar Svare og Dag Gården, og denne kvartetten har gjeve ut Stormti (1993) og Tidlause tonar (1996). Samarbeidet med akkordeonspelaren Dag Gården har bl.a. resultert i albumet Frå folk te’ folk (2002). i 2012 ga han ut Slåtte og leikje. Dette verket i 6 store bind presenterer meir enn 1500 slåttar frå Gudbrandsdalen med hovudvekt på tradisjonsmusikk frå Ottadalen. Under Diktardagar deltek han saman med Svare og Gården på Hamsun i Garmo med dikt frå Bjørger.