Diktardagar gratulerer Tor Jonssonlaget og Lom kommune med eit særs godt program laurdag 21. mai! Konserten i Utgard med Tor Jonssons band var ei stor oppleving med nye tonar til dikt av Tor Jonsson. Både musikk- og vokal presentasjon var av høg klasse. Kombinasjonen av lokale og nasjonale aktørar er bra, og gledeleg var det at yngre songarar fekk sleppe til. Diktlesinga til Sigmund Bråtet og innslaget til Lom spel- og dansarlag gjorde det heile til ei stor oppleving for ein fullsett sal.