Urd

11948260_10153472970215071_877271219_nSundag kveld avrundar vi Diktardagar på beste vis med Ruth Lillegraven og Urd. Ruth skreiv boka Urd i 2013. Dette er forteljinga om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Boka fortel også historia om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman, om tida som renn gjennom landskapet og menneska, om barn som blir fødde og døden som vitjar. Det er ei nydeleg fortalt historie skrive i diktform som Ruth Lillegraven fekk Brageprisen for. Det er Bygdekvinnelaga i Lom og Skjåk som står for dette arrangementet. Dei har laga utstilling av gamle handarbeidsskattar og står for traketeringa denne kvelden. Ruth Lillegraven vil samtale med Rita Mundal og lesa frå boka. Ruth er ein fraimfrå formidlar! Vi trur dette vil bli ei var og verdig avslutning av Diktardagar 2015.