Bandet Sol i skuggeskog såg dagens ljos i Oppdal i 2010 og består av følgande musikarar:
Ingrid Lian-Bjørgum, vokal
Øyvind Sandum, trekkspill/vokal
Einar Lian-Bjørgum, gitar/vokal
Bandnamnet og tekstane er henta frå ei diktsamling av Skjåk-dikteren Finn Sandum. Bandet kler opp lyrikken med ein varm og klår vokal, og eit leikent og lett akkompagnement av gitar, trekkspel, fele, kontrabass og perkusjon. Musikken er ei delikat blanding av melodiar med inspirasjon frå norsk og amerikansk folkemusikk. I 2013 ga Sol i skuggeskog ut debutalbumet Livet. Under Diktardagar kan du oppleva dei på Billingen sæterpensjonat i Skjåk sundag.