Ruth Lillegraven er fødd 21. oktober 1978. Ho er forfattar frå Granvin og bur nå i Bærum. Ruth debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. For diktsamlinga Urd fekk ho Brageprisen i 2013. Ho har også gjeve ut fleire barnebøker og romanen Mellom oss. Ho har jobba i Samferdselsdepartementet og satsar nå på å livnære seg som forfattar på heiltid. Under Diktardagar kan de oppleva Ruth på litterære lunsjar i Skjåk og Vågå, på festkvelden og med Urd i Utgard sundag. Her vil Ruth fortelja om boka og framføre utdrag. Dette er eit arrangement i samarbeid med Bygdekvinnelaga i Lom, Skjåk og Vågå som har ordna utstilling med gamle husflidsprodukt og svartar opp med kaffi og bite ti.