Ola E Bø

OLA E BØ Foto: multinorsk.no

OLA E BØ
Foto: multinorsk.no

Ola E. Bø er fødd i Kristiansand 1. september 1948. Han er dramaturg, har vore programmedarbeidar i NRK frå 1981 – 1982, dagleg leiar i plateselskapet På Norsk frå 1982 – 1985 og programmedarbeidar i NRK P2 1985 – 1990. Sidan 1991 har han vore dramaturg og språkrettleiar ved Det Norske Teatret. Frå 1984 – 1986 var han leiar i Noregs Mållag. Han var òg blant dei fremste i arbeidet med å utvikle og realisere planane om Ivar Aasen-tunet. Under Diktardagar deltek han på seminaret med foredraget Frå syngjespel til musikalar.