Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven. Foto: Astrid Borchgrevink Lund

Ruth Lillegraven. Foto: Astrid Borchgrevink Lund

Ruth Lillegraven blir ein sentral aktør under årets Diktardagar og som den einaste, skal ho opptre i alle tre bygdene. Ruth er forfattar frå Granvin i Hardanger og bur nå i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. For diktsamlinga Urd fekk ho Brageprisen i 2013. Ho skriv òg for barn, og i 2011 kom romanen Mellom oss.

Ho startar opp på Bokhandelen kafé i Vågå laurdag kl. 12.00 med Litterær lunsj og opplesing frå bøkene sine. Klokka 14.00 er ho på Litterær lunsj på Skafferiet Garn og Kaffe i Skjåk. Om kvelden deltek ho på Festkvelden og på Bokbadet med opplesing og samtale om den nyaste boka, Manilahallen.

11948260_10153472970215071_877271219_nSundag kveld rundar vi av Diktardagar med Urd i Utgard. Bygdekvinnelaga i Lom og Skjåk har laga utstilling med gamle, forseggjorde og verdfulle husflidsprodukt frå bygdene våre. Ruth vil lesa frå Urd og samtale med Rita Mundal om boka. Bygdekvinnene står for trakteringa.

Ruth skriv ikkje berre vakre dikt, ho er òg ein framifrå formidlar. Vi er svært glade for å ha ho med oss på Diktardagar, og ser fram til at fleire skal få kjennskap til forfattarskapen og få oppleva ho i levande live i Ottadalsbygdene.