Haugtussa

Ane Dahl Torp frå Haugtussa. Foto: Det Norske Teatret

Ane Dahl Torp frå Haugtussa.
Foto: Det Norske Teatret

Vi er svært stolte og glade for å kunne opne Diktardagar 2015 med Ane Dahl Torp og trompetist Sjur Miljeteig si tolking av Arne Garborgs Haugtussa. Haugtussa frå 1895 er eit lyrisk, nyromantisk hovudverk i norsk litteratur. Veslemøy har fascinert kunstnarar i over hundre år. Mellom tidlegare kunstnarar som har late seg inspirere er Edvard Grieg, Håkon Bleken og Ketil Bjørnstad. I løpet av framsyninga møter Veslemøy daudingar og underjordiske, vonde krefter både i og utanfor seg sjølv. Og ho møter kjærleiken for første gong – og den store smerta. Men i berget lokkar Bergekongen, som lovar henne alt godt.

Ane Dahl Torp og musikarmannnen Sjur Miljeteig har laga ei rocka utgåve av Haugtussa. Ein liten smakebit på framsyninga får de her: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/haugtussa/

Vi gler oss til å bli bergtekne i Vågå fredag kveld. Velkomne skal de vera!