Diktardagarprisen 2016

Foto: Benedikte Skarvik, Samlaget

Foto: Benedikte Skarvik, Samlaget

Diktardagarprisen 2016 går til Guri Sørumgård Botheim. Guri debuterte med romanen Ramstein pensionat (2009) i lag med søstera, Sigrid. Dei var redaktørar for boka Søsken (2011) i lag med Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Sigrid og Guri skriv også humorspalte i Dag og Tid. Guri har fått svært gode omtaler for diktsamlinga «Heime mellom istidene» som kom ut i vår. Her skriv ho om heimbygda ho reiste frå og om livet i byen. Ho skriv om tilknytninga til heimplassen, bygda der slekta har levd heilt sidan istida. Nokre har flytta ut, men alltid kome attende. Blir ho den fyrste som ikkje kjem attende? Guri er fødd i 1978 og kjem opprinneleg frå Lesja. Ho bur nå i Trondheim. Guri føyer seg inn i den fine rekkja av skrivande kvinner frå dalen som har motteke Diktardagarprisen. I 2014 gjekk prisen til Gyrid Axe Øvsteng frå Vågå, i fjor til Anna Kleiva frå Vinstra. Under Diktardagar 2016 deltek Guri med opplesing frå den siste boka si på Bokhandelen kafè i Vågå laurdag kl. 14.00. Ho er også med på festkvelden i Utgard der prisutdelinga går føre seg, og er sjølvskriven gjest på bokbadet laurdag kveld. Her kan de sjå den fine filmen som er laga til «Heime mellom istidene»: https://youtu.be/UMQaMj90ujk