Sidan det er 100 år sidan lyrikaren og essayisten Tor Jonsson, kom til verda, har han fått ein sentral plass under Diktardagar 2016. Ein annan forfattar og samfunnsdebatant, Aslaug Høydal, var fødd same året, og eit festprogram er lagt til hennar nærmiljø i Lundagrenda.
Skodespelet «Berre kjærleik og død» vart første gong framført i 2001, m.a. på Trøndelag Teater. I år kjem dei til Diktardagar.
Bygda, var sentral i Tor Jonssons forfattarskap, og alle som innleiar på seminaret, har arbeidd med tema knytt til livet på bygdene – og framtida for bygdene.
Likskapen mellom produksjonane til Alf Prøysen, Hans Børli og Tor Jonsson har gjort at Diktardagar 2016 har fått tak i Prøysen-biografen Ove Røsbak og Hans Børli-entusiasten Erik Lukashaug.
Henning Sommero har tonesett dikt av Tor Jonsson og det vil han framføre festkvelden. I tillegg kjem det mange kulturelle innslag av barn og ungdom frå Ottadalsbygdene.