Trond Klaape

Trond er fødd i 1978, kjem frå Svatsum i Vestre Gausdal og er busett i Brumunddal. I fleire år var han aktiv utøvar av vokal folkemusikk, og medverka ved konsertar og arrangement. fleire stader i landet. Klaape Kulturformidling har eksistert sidan 2006, og er eit enkeltmannsforetak som tek hand om den kunstneriske verksemda til Trond Klaape. Under Diktardagar deltek Trond på Skultbakken i Vågå med Var eg ein Gud der han og Inge Gjevre og framfører dikt av Hans Børli, Tor Jonsson, André Bjerke m.fl.