Lars Inge Bremnes er fødd 4. desember 1964 i Svolvær. Han er musikar og låtskrivar, bror til Kari Bremnes og Ola Bremnes som han har samarbeidd med om fleire utgjevingar. Frå 1991 har han hatt sitt eige band med Georg Buljo som også deltek på Diktardagar, Terje Johannesen, Helge Harstad og Anders Engen. Lars Bremnes Band er mellom anna kjend for songane Fiolinan og Å kunne æ skrive. Saman med syskena Kari og Ola fekk han Spellemannsprisen i klassen viser og viserock for albumet Soløye i 2000. For albumet Hjertekaptein fekk han og bandet Spellemann i klassen viser i 2006. Saman med bror Ola fekk han Prøysenprisen i 2009. Under Diktardagar opptrer Lars Bremnes saman med Kirsten Bråten Berg og Georg Buljo på seminaret og festkvelden.