Jarnfrid Kjøk

Jarnfrid er fødd i 1947. Ho kjem frå Garmo i Lom og bur nå i Oslo. Ho har bl.a. gjeve ut bøkene «Ei spelmannssoge» (1995) saman med faren Erling Kjøk, om folkemusikk og spelmenn frå distriktet. I 2008 ga ho ut boka «Lekamslyst – om erotikk i norsk folkediktning» saman med Sigrid Bø. Under Diktardagar er Jarnfrid med og arrangerer Vårt musikalske morsmål. Samling om bånsull og songleik saman med Camilla Granlien og Bjørn Sigurd Glorvigen og Norsk Kvedarforum.