Guri Sørumgård Botheim er opphavleg frå Lesja. Ho er utdanna cand.philol. og har hovudfag i litteraturvitskap frå NTNU. Guri har arbeidd i bokhandel, som kulturkonsulent og timelærar, og er avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Noreg i Trondheim. Saman med systera, Sigrid Sørumgård Botheim, debuterte ho i 2009 med den særeigne romanen Ramstein pensionat. Romanen er sett saman av mange ulike typar tekstar, er full av humor, alvor og satire om byen, bygda og karakterane i romanen. Viktige tema er syskenkjærleik, einsemd og livet i bygde-Noreg. Guri held festtale under festkvelden i Utgard laurdag.