Gudmund Moren

Gudmund Moren er aktuell med boka «Okkupanter. Historien om Trudel og Georg Bauer». Her blir historia om 2. verdskrigen fortalt frå ein ny vinkel. Boka handlar om to ganske vanlege tyske okkupantar, og byggjer i stor grad på eit unikt brevmateriale mellom dei to. Trudel og Georg møttest i Norge under krigen, der begge arbeidde for naziregimet. Da nederlaget var eit faktum, hamna Trudel i interneringsleir, Georg var fange på Akershus. Breva dei skreiv til kvarandre, fortel mykje om korleis dei opplevde situasjonen.
Gudmund Moren er historikar, og var frå 1978 knytta til Høgskolen i Lillehammer.