Bygdafolk

Bygdafolk er ei gruppe frå Vågå i Gudbrandsdalen. Dei har tonesett fleire av dikta til Olav Øygard og i løpet av dei siste åra har denne kvintetten gjort mange jobbar i Skjåk og nabobygdene. Dette er stemningsfull musikk som det svingar av. Det går for det meste i irsk, country og gammaldans, men den musikalske bakgrunnen dei ulike medlemmane har, gjer sitt til at det blir ”bygdafolksk” – uansett kva sjanger dei prøvar seg på. Gruppa består av Ragnhild Jøndal Bjertnæs, Bente Akslen Hagen, Kristin Akslen Hagen, Gro Visdal, Jan Visdal.