Anna Kleiva er fødd 13. mai 1985. Ho er forfattar frå Vinstra og debuterte i 2011 med diktsamlinga Ti liknande versjonar. Ho har studert litteraturvitskap, teke forfattarstudiet i Bø og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har skrive for Norsk Tidend og Norsk Barneblad. Ho er rekna blant dei mest lovande unge lyrikarane våre og den andre boka hennar Vårar seinare, fekk Natt & Dags Oslopris Årets bok 2014. Rett før Diktardagar får ho utdelt Bjørnsonstipendet på Bjørnsonfestivalen i Molde. Stipendet går til forfattarar i etableringsfasen som det er knytt særs høge forventningar til. Ho har og omsett kultpoet Ariana Reines Coeur de Lion som kom ut på norsk i vår. Vi er stolte og glade over å ha med oss dalens eigen lysande lyrikar på seminaret, festkvelden og bokbadet.