Laurdag held Inge Eidsvåg årets Tor Jonsson-foredrag ved Tor Jonsson-stugu. Tittelen på foredraget er Tor Jonsson og Alf Prøysen – den vanskelege samanlikninga. Inge Eidsvåg er forfattar og foredragshaldar, mangeårig lektor og seinare rektor ved Nansenskulen på Lillehammer. Han er kjend for sitt arbeid for demokrati, menneskerettar og fredeleg konfliktløysing på Balkan. Tor Jonsson-foredraget har blitt ein tradisjon under Diktardagar. Andreas Hompland, Svein Ottesen, Håvard Teigen, Gard Espeland og Egil Ulateig er blant dei som har halde foredrag ved Stusslegstugu. Neste år er det Tor Jonsson-jubileum, noko som kjem til å sette sitt klare preg på Diktardagar 2016.