Johan Mjønes er fødd 26. mai 1976. Han er forfattar frå Orkanger og debuterte i 2009 med romanen Terminalhastighet. Sidan har han gjeve ut romanane Orkanger i 2010 og Fortellingen om sju bål i 2013. Også dette året deltok han på på Diktardagar der han presenterte romanen. Etter det har han skrive to ungdomsbøker, Død manns kiste og Blodspor i Klondike. Denne gongen møter han ungdomsskuleelevar i Lom, Skjåk og Vågå og presenterer siste bok i den spennande trilogien om Leif og Paul, Kaptein Nemos testamente.