Runaug Venås

Runaug Venås

Runaug Venås

Årets Diktardagarutstillar, Runaug Venås  (1968), er opphavleg frå Garmo i Lom. Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo og Oslo teikne- og malerskole. Runaug bur nå saman med familien sin i Gvarv i Telemark.

Bileta hennar viser ofte natur i endring. Motiva er abstraherte landskap, eller bilete som ber preg av spesielle hendingar eller katastrofar. Runaug arbeider i ein eigenutvikla teknikk der ho m.a. kombinerer akryl, papir og kol på ein spesiell måte. Ho arbeider gjerne i store format; 160 cmx 122 cm. I sumar arbeider ho med ein serie mindre bilde

Runaug har hatt mange utstillingar både i Norge og i utlandet. Ho var årets kunstnar på Eplefestivalen i Telemark i 2014, festivalutstillar på Hamsundagane på Hamarøy i 2002, og i år kjem ho heim og er Diktardagarutstillar 2015.

Heimside: www.runaugvenaas.com