Tema for årets Diktardagar og for seminaret er barne- og ungdomslitteratur. Kvifor er denne litteraturen så viktig? Korleis formidle litteratur, leselyst og skriveglede for barn og unge. Ei av dei mest kjente og prislønna barnebokforfattarane i dag er Maria Parr, på seminaret vil ho fortelja om diktaruniverset sitt.
Her er heile programmet for seminaret:
09.10 Opplesing – inspirasjon.
09.20 -10.00 Korleis formidle litteratur til barn og unge?
Om erfaringar frå forskingsprosjektet «Litteratur, litteraturformidling og kunstopplevelse». Ved Kristin Ørjasæter, direktør ved Norsk barnebokinstitutt.
10.00 – 10.45 Nyare nynorsk barne- og ungdomslitteratur – kva har vi? Ved Brynjulf Jung Tjønn, redaktør Samlaget, medlem i NBUs litterære råd 2014-2017.
10.45 – 11.00 Pause med kaffi.
110.00 – 11.45 Å skrive for barn. Diktaruniverset mitt. Ved forfattar Maria Parr.
11.45 – 12.15 Bruk av barnedikt i undervisninga. Ved Hildegunn Solberg Nes, lærar og redaktør av Barnedikt i utval av J-M Bruheim.
12.15 – 13.15 Dugurd.
13.15 – 15.00 Kreativ skriving – korleis inspirere til skriveglede hos elevane? Ved Kjersti Wold, forfattar og skrivepedagog.
15.00 – 15.15 Oppsummering og ordskifte.
Seminarleiar Magnhild Bruheim.
Pris for heile programmet kr 600 (inkludert mat), kr 150 for enkeltforedrag, kr 200 for kurs i kreativ skriving, dugurd kr 150.
Utstilling av barne- og ungdomsbøker i Utgard under Diktardagar.
: