Presthaugen ligg midt i Lom sentrum. Det er ein esker, ein grushaug som breen i si tid har etterlate seg midt i bygda. I dag er det ein skogkledd ås bak Norsk fjellmuseum og Storstabburet. Storstabburet er ein del av Lom Bygdamuseum, som ligg i Presthaugen. Bygdamuseet er i hovudsak bygt opp som ein gard med husmannsplass og seter frå rundt 1700-talet. Presthaugen inneheld også friområde med uteseneanlegg, kiosk og sanitæranlegg.