Lomskyrkja, eller Lom stavkyrkje er hovudkyrkja i Lom. Stavkyrkja har runda 850 år og er ei av dei staselegaste og mest besøkte stavkyrkjene i landet. Lomskyrkja framleis i bruk som soknekyrkje i Lom. Det har ho vore utan avbrot sidan ho var ny. I tillegg til å vera soknekyrkje og arena under Diktardagar 2011 er ho i sommarsesongen også open for turistar dagleg med omvising på fleire språk.