Kjartan Fløgstad er fødd i Sauda i 1944, og bur nå i Oslo. Han studerte litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i ergen. Kjartan Fløgstad var ei tid fabrikkarbeidar heime i Sauda før han mønstra på norske lasteskip som smørar. Som sjømann reiste han til ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfatterskapen. Han debuterte i 1968 med diktsamlinga Valfart, og har sidan skrive over 20 romanar, mange essaysamlingar, dikt, skodesspel og biografiar. Kjartan Fløgstad har motteke Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris. Under Diktardagar 2016 deltek han på seminaret og bokbadet.