Aldri har det vore så stor interesse for Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå som i år.

Alle disponible plassar på Diktardagarmiddagen vart fyllt opp, dvs. om lag 100 person var med på den trivelege middagen på Fossheim. Interessa for Bokbadet var så stor at vi måtte sette strek for billettsalet og opprette venteliste for folk som gjerne ville få med seg det. Som vanleg vart det att nokre billettar som ikkje  vart henta av dei som hadde bestilt, og alle 120 kom inn til slutt.

Berre kjærleik og død i Marlo grendahus fredag vart svært godt motteke av ein fullsett sal, og skodespelarane vart takka med trampeklapp.

Temaet for seminaret fenga tydelegvis mange, og dei interessante forelesarane fekk stor applaus frå dei ca. 130 som deltok.  Dette er òg rekord; ja, faktisk 40 fleire enn på seminaret for 2 år sidan da Frank Aarebrot trekte mykje folk.

Sidan det var Tor Jonsson-jubileum var det kanskje ikkje så rart at mange ville høyre foredraget som Ove Røsbak heldt ved Tor Jonssonstugu, men at det skulle kome bortimot 150 personar overraska oss.

Festkvelden vart også ei stor oppleving for dei om lag 200 som hadde funne vegen til Utgard. Dessverre var Sigbjørn Johnsen forhindra i å kome pga at mor hans låg på sitt siste, men han har lova å kome til Lom seinare ein gong og halde foredraget sitt da.

Diktardagar 2016 avslutta med minneprogram om Aslaug Høydal på Utgard i Lundagrenda.  Ca 150 personar fann vegen dit og dei sette pris på eit variert program.

Vi takkar alle som deltok på Diktardagar 2016, og ynskjer velkomen att neste år!