Vera Henriksen
Lisbet Lid Venås

Markens Grøde

31. august til 3. september 2017

Sponsorer

oppland_fylkeskommune kulturråd Spb1LSlogo skjaak_logo fritt ordStiftinga G-KULTUR logoVågå kommune

Takk òg til:

Samlaget

Gyldendal

Ottadalen Mølle

Fossberg Hotell

Fossheim Hotell

Coop Ottadalen

Nordal Eiendom

Kiwi

Stokk & Stein

Bakeriet i Lom

Norsk Fjellsenter

Fjoset

Fjell & Fritid

Gausdal Landhandel

Fossheim Steinsenter

Om diktardagar 2017

I år er det 100 år sidan romanen Markens Grøde av Knut Hamsun kom ut. Dette blir overordna tema på seminaret og for Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå 31. august til 3. september.

Vi gler oss stort over at Norges 57. morsomste mann, forfattar og satirikar Are Kalvø, blir med oss på dagane. Vårt nye litterære stjerneskot frå dalen, Therese Tungen frå Kvam, Jens M. Johansson som skreiv ein av dei mest kritikarroste norske romanane i fjor, Et godt liv, og Selma Lønning Aarø som skreiv om Anna Munch som var besett av hovudpersonen Hamsun, stiller alle på Bokbadet. Ragnhild Kolden, opprinneleg frå Bøverdalen i Lom, har hausta svært gode kritikkar for den nye boka si, Det gode vi ikkje gjer. Ho deltek med opplesingar under Diktardagar.

Bob Dylan vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2016. Han stilte ikkje på prisutdelinga i Stockholm, så vi rekna ikkje med at han ville ta turen til Ottadalen heller. Vi inviterte difor Norges svar på Bob Dylan, Tom Roger Aadland. Han har omsett songtekstane til Dylan til nynorsk og skal opptre på festkvelden. Han vil også delta på seminaret der han skal samanlikne tekstar av dei to nobelprisvinnarane, Knut Hamsun og Bob Dylan.

Nytt av året er seminaret fredag som er tilrettelagt for elevane i vidaregåande skule. Ungdomsskulane får besøk av forfattar Aina Basso som har laga eit eige opplegg til Diktardagar med Markens grøde som utgangspunkt. To av våre eigne, Vera Henriksen som gjekk bort i fjor og som ville ha fylt 90 år i år, og Lisbet Lid Venås som fylte 80 år i april, vil begge bli heidra under dagane. Elles blir det opplesingar, måleriutstilling, Jonsson-foredrag, Diktarmiddag, konsertar og fjelltur sundag.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå 31. august til 3. september!