Barnebokforfattar og to gonger Brageprisvinnar Maria Parr kjem til Diktardagar 2018.

Maria Parr frå Fiskå i Vanylven i Møre og Romsdal debuterte i 2005 med barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen, vann Nynorsk barnelitteraturpris og vart grunnlag for tv-serien Vaffelhjarte. Den andre boka hennar, Tonje Glimmerdal, kom ut i 2009, boka vann både Brageprisen og fleire andre prisar. Den tredje boka kom i 2017, Keeperen og havet, det er eit framhald av historia om Lena og Trille/Lars frå Vaffelhjarte. Også den boka vart premiert med Brageprisen.

Under Diktardagar (30. august til 2. september) skal Maria Parr delta på seminaret «Barnelitteratur» laurdag, der skal ho fortelja om diktaruniverset sitt og om det å skrive for barn. Same dag skal ho lesa frå Keeperen og havet på Festkvelden i Utgard, før ho skal delta på bokbadet som ein av tre forfattarar.