Dato: 31.08.2018
Tid: 18:30 - 20:00

Diktardagar markerer at det er 200 år sidan Aasmund O. Vinje vart fødd med ein Vinjekveld i Marlo grendahus. Her blir det konsert med sambygdingen Aasmund Nordstoga, som bur på den garden der Vinje vaks opp. det blir hyggeleg gjenhøyr med kjente og kjære songar frå diktinga til Vinje.

I tillegg viser vi eit 10 minutts utdrag frå NRK-programmet «Vinje i Jotunheimen», heile programmet blir vist både i Vågå, Lom og Skjåk torsdag kveld.

Det blir elles opplesing og opning av Diktardagar 2018 ved ordførar i Skjåk, Elias Sperstad. Programvert er Håvard Grjotheim.

Inngang kr 250/150. 

Laster kart ....