Dato: 03.09.2017
Tid: 10:00 - 15:00

Kjøp billett

Vera Henriksen ville ha fylt 90 år i år. Ho budde meir enn to mannsaldrar i Lom. Vi leitar etter spor etter personane i romanane om Bent Jonsson, og reiser ein tur til Medalen, Visdalen, Røisheim og Galdebygda. Lunsj på Røysheim. Kirsti Maanum les dikt og fortel om forfattarskapen til Vera Henriksen. Musikkinnslag ved Tore Jørgen Rødølen på fele. I tillegg viser vi fleire av plassane Knut Hamsun skriv om i Bjørger.

Lokal guide: Lars Bakkom

  • 10:00 – Frammøte med Lomskyrkja. Vi legg ned blomar på grava til Vera Henriksen
  • 10:15 – Kulturhistorisk busstur. Vi kjører Solsidevegen til Staberg og deretter RV 55 til Hoft, så Medalen og til Visdalen til Smiugjelsøygarden. Attende til Hoft og så til Galdesand og Galdegardane. Enkel servering og orientering om Røysheim
  • 14:30 – Avreise til Lom via Rv 55 og kort besøk på Sulheim
  • 15:00 – Turen avsluttar på P-plassen ved Lomskyrkja

Pris 495,- pr. person. Dette inkluderer transport, enkel lunsj på Røysheim og lokalguide på heile turen.
Påmelding innan 25. august kl. 16.00.
Det må vera minst 20 betalande for å gjennomføre turen.

Laster kart ....