Dato: 02.09.2018
Tid: 13:00 - 15:00

I 2018 er det 125 år sidan lærar og barnebokforfattar Tea Kummen frå Skjåk vart fødd. Det blir markert med ei tilstelning i Marlo skule, i grenda ho kjem frå. Endre Skjåk og Hans Hosar vil lesa tekster og fortelja om mennesket Tea Kummen og om forfattarskapen hennar. Barnebøkene hennar var Villveng, Villvuru, Tonen frå blåtaket og Den blå bringeduken. Fleire av dei som kjende henne, vil delta i ein samtale, Gulla Kummen, Anna Grande Melhus, Hans Brandsarbakken og Gudrun Skjaak. Tea Kummen spelte også instrument, det får vi demonstrert av Endre Skjåk. Servering.

Inngang kr 100.

Les meir om Tea Kummen på heimesida til Skjåk kommune: https://www.skjaak.kommune.no/aktuelt/tea-kummen-125-ar.19893.aspx

 

 

Laster kart ....