Vi er svært glade for at nettopp rockepoeten Tom Roger Aadland kjem til å spela ei av hovudrollene under årets Diktardagar. Aadland har gjort det meisterstykke å gjendikte fjorårets Nobelprisvinnar i litteratur, Bob Dylan, til nynorsk på ein måte som har fått sjølv dei argaste dylanologar til å ta av seg hatten. Han har gjeve ut dei to ikoniske Dylan-platene Blood On The Tracks frå 1975 som vart til Blod på spora og kom ut i 2009. I fjor kom Blondt i blondt, Dylans Blonde On Blonde, frå 1966. Aadland har motteke strålande kritikkar for platene, og Blondt i blondt vart kåra til Årets album av NRK P1 Norsk på norsk. I tillegg har han eit stort repertoar med eigne songar. I sommar er han ute med ny singel, «Sommaren utan ende», som i følge musikkjournalistar er den beste sommarsingelen på norsk på år og dag.

Tom Roger Aadland blir med oss på Pubpoesi på Nordalsfjoset fredag. På Markens grøde-seminaret laurdag skal han trekkje liner mellom tekstene til dei to Nobelprisvinnarane Knut Hamsun og Bob Dylan, og festkvelden i Utgard laurdag blir avslutta med Tom Roger Aadland-konsert. Vi gler oss stort til at Tom Roger Aadland skal innta Ottadalen og Diktardagar! Enn så lenge får de ein liten smakebit med «Eg må ha deg», Dylans «I want you», frå albumet Blondt i blondt: