Aasmund O. Vinje og namnebroren Aasmund Nordstoga er hovudpersonar på Vinjekvelden i Marlo grendahus under Diktardagar 2018.

I år er det 200 år sidan forfattaren og journalisten Aa. O. Vinje vart fødd. Diktardagar 2018 markerer det mellom anna med ein Vinje-kveld fredag 31. august, der vi får konsert med Aasmund Nordstoga. I tillegg blir det diktopplesing, vi viser eit lite utdrag frå fjernsynsprogrammet «Med Vinje i Jotunheimen» frå 1968, og det blir offisiell opning av Diktardagar ved ordførar i Skjåk, Elias Sperstad.

Aasmund Nordstoga vaks sjølv opp og bur i dag på den garden der Aa. O. Vinje hadde sine barneår, og der Vinjestoga står den dag i dag. Nordstoga har naturleg nok funne inspirasjon i songane til Vinje, på plata «Guten» er alle tekstane av Vinje, medan melodiane er både gamle tonar komponert av Grieg og nye tonar komponert av Odd Nordstoga og Jørund Fluge Samuelsen.