I år blir det opplesingar på kaféar i alle tre kommunane under Diktardagar. Ragnhild Kolden blir å treffe både i Lom, Skjåk og Vågå der ho les og pratar om den nye boka, «Det gode vi ikkje gjer». Jens M. Johansson skal ha opplesing og samtale med Rita Mundal på Bakeriet i Lom laurdag. Han blir også å treffe på Litterær lunsj på Lom folkebibliotek kl. 13.00 fredag, der det blir kaffi, kringle og bokprat med bibliotekarane i høve Nasjonal bibliotekdag. Dette er eit arrangement i regi av Lom folkebibliotek.

På Bokbadet er kvinnedominansen stor i år. Bademeister Bruheim skal skrubbe laus på tre kvinnelege forfattarar. Therese Tungen frå Kvam i Gudbrandsdalen har i år debutert med novellesamlinga «Ein gong var dei ulvar» som ho har fått svært gode skussmål for. Med seg har ho Selma Lønning Aarø som i fjor kom ut med boka «Hennes løgnaktige ytre. En roman om Anna Munch». Anna Munch var sjølv forfattar og besett av kollegaen som er årets Diktardagarforfattar, Knut Hamsun. Aina Basso er tredje kvinne på laget. Basso har skrive fleire historiske romanar både for ungdommar og vaksne, og deltek også på Diktardagar med eit eige opplegg om «Markens grøde» for elevane på ungdomsskulane. Det blir boksal og signering på Bokbadet og på opplesingane.