Bilde av Sigrid Moldestad

Sigrid Terese Moldestad (fødd 19. juli 1972 på Breim i Gloppen kommune) er ein norsk folkemusiker, som spelar fele, hardingfele, og sang.

I 2014 gav ho ut plata «Brevet til kjærleiken», med tekster av Jan-Magnus Bruheim. Under Diktardagar 2014 hadde ho, saman med andre musikarar, opningskonsert i Skjåk kyrkje. I 2017 feira ho ti-årsjubileum som artist med plata «Vere her».

Sigrid Moldestad fekk Spellemannsprisen i 2005, saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes, for plata Gamaltnymalt, og i 2007 for plata «Taus». i 2008 fekk ho Gloppen kommunes kulturpris. I 2010 vart ho tildelt Folkelarmprisen som Årets folkemusiker av kulturminister Anniken Huitfeldt. Same år fekk ho  Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane. I 2012 vart ho tildelt Hilmarprisen.