Fjellet som ytre og indre landskap

Høge fjell og djupe dalar

29. august til 1. september 2019

Nina Witoszek-Fitzpatrick

Nina Witoszek-Fitzpatrick, også kalla Walentyna eller Nina Witoszek, er ein polsk/irsk/norsk litteraturvitar, kulturhistorikar og forfattar. Ho er tilsett som forskingsleiar ved Universitetet i Oslo sitt Senter for utvikling og miljø. I 1983 måtte ho flykte frå Polen på grunn av opposisjonelt arbeid. I 2005 fekk ho Fritt Ord-prisen «for at hun fritt og velfomulert har fomidlet østeuropeiske erfaringer inn i norsk debatt og utfordret norske standardoppfatninger.» Av hennar mest viktige arbeid omhandlar økofilosofien til Arne Næss og moderne skandinavisk kulturell identitet.