Det er ikkje ofte Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler blir nemnde i ei og same setning. Men då dei fem musikarane og komponistane i Majorstuen vart utfordra til å bruke litteratur som inspirasjon for ny musikk, bestemde dei seg for å ta utgangspunkt i heile spennet frå moderne underhaldningslitteratur til klassiske verk. Kammerfolkensemblet Majorstuen har spelt nærmare 300 konsertar i 30 land, og har gjennom sitt utforskande og leikande sceniske uttrykk sett ein ny standard for korleis folkemusikken kan formidlast til eit breitt publikum. I SKRIBLE tek Majorstuen deg med på ein litterær blåtur med høgst musikalske stoppestader!
Medverkande: Bjørn Kåre Odde, Synnøve S. Bjørset, Anders Löfberg, Tove Hagen, Torfinn Hofstad