Fjellet som ytre og indre landskap

Høge fjell og djupe dalar

29. august til 1. september 2019

Hildegunn Hovde

Hildegunn Hovde er opprinneleg frå Vågå, og lokalt kjenner vi henne gjennom ei rekke ulike framsyningar gjennom mange år. Ho er utdanna klassisk songar frå Barratt Due Musikkinstitutt, og ho har ein mastergrad i utøving frå Noregs Musikkhøgskule. I 2014 fekk ho toårig arbeidsstipend frå Statens Kunstnerstipend. Til dagleg held ho til i Oslo der ho arbeider som songar og komponist, ho har også vore med på mange plateinnspelingar i ulike sjangrar, både visesong, folkemusikk, klassisk og elektronika. Gjennom oppveksten i Vågå lærte Hildegunn Hovde folketonar fyrst frå bestemor si, og så gjennom barnehage og grunnskule. Desse folketonane har fylgt henne sidan. Foto: Janka S. Henriksen